Fløytist – fløyte flöjt flöte flute huilu флейта فلوت フルート 长笛
Vidar Austvik har vore solofløytist i Stavanger symfoniorkester sidan 1984. Han har studert fløyte med Hans Stenseth (Bergen), Ørnulf Gulbransen og Per Øien (Oslo). Etter ein strålande debutkonsert i Universitetets Aula, Oslo i 1983 har Austvik vore svært aktiv som fløytesolist, kammermusikar, orkestermusikar, pedagog og administrator i snart 30 år. Han har konsertert verda rundt, gjeve meisterklassar og teke stor del i utviklinga av Stavanger symfoniorkester og Universitet i Stavanger, institutt for musikk og dans; med jobb både som musikar, pedagog og leiar for mange komitéar og utvalg. Tidlegare studentar av Austvik har fått fløytestillingar i orkester i Noreg og utlandet.
Austvik speler i dag på ei Powell trefløyte og ei Powell 19.5 k gullfløyte med eit J-R Lafin 22 k hovudstykke.
Innspelingar av Vidar Austvik, klikk her >>>

Adresse:
Vidar Austvik Musikk
Åmøylia 25
4154 Austre Åmøy
Norway
mobil: +47 920 62 420
Foretaksnummer: 884 790 212

Vidar som fugl
Foto: www.eirikhalvorsen.com

Velkomen til heimesida mi
På desse sidene vil du finne mykje om livet mitt med fløytene mine. Eg har spela dette fantastiske instrumentet i over 40 år no. Her står om arbeidet mitt som solofløytist i Stavanger symfoniorkester og som pedagog ved Universitetet i Stavanger, og om virket mitt som solist og kammermusikar. Du finn repertoirelista mi, musikk eg har spela inn på iTunes, CD, radio eller TV. Her er òg musikkeksempel til avspeling i Mp3-format, solo med orkester og kammermusikk, m.a. opptak av fløytekonsert saman med Ørnulf Gulbransen, og ein liten videosnutt frå eit Tv-opptak med Fabio Biondi. Masse sjølvskryt høyrer med, så eg har med nokre kritikkar, omtale i Gramophone og artikkel i Flutetalk. Du finn mange bilete frå eit langt fløyteliv. Eg har lagt ut linkar om fløytestoff og det er ei engelsk oversetting av heile Web-sida. Fløyteklassen min i Stavanger. Studentar kan finne informasjon og hjelp her.
Web-sida mi er under stadig revisjon. Ta turen no og kom på vitjing av og til?
Vyrdsamt,
Vidar Austvik


«Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
Skredsvig Seljfløiten

kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage smågutehender.

Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og fær døyvde svar
langt borte frå andre grender.»
Frå Jakob Sande-Fløytelåt
© 2009 Vidar Austvik Kontakt meg