Fløytist – fløyte flöjt flöte flute huilu флейта فلوت フルート 长笛
Profil english, click here >>>
Norsk fløytist og pedagog, født i Bergen i 1956.
Oppvaksen på
Tysnes i Sunnhordland og busett på Austre Åmøy i Stavanger kommune i Rogaland, Noreg.
Gift, 5 barn og 7 barnebarn.


Erfaring
Solofløytist i Stavanger symfoniorkester, 1984–deretter
Austvik er svært aktiv, både som solist og kammermusiker i tillegg til solofløytistgjerninga.
Han har vore med på å bygge opp Stavanger symfoniorkester som solofløytist og medlem og leiar av mange komitéar i 25 år. Frå 55 musikarar i 1984, til fullt utbygd symfoniorkester. I inneverande år blir orkesteret utbygd til over 90 musikarar, er internasjonalt velrenomert, gjev konserterer i inn,- og utland, gjev ut CD-ar og flytter snart inn i eit av
dei beste konserthusa i Europa, i Stavanger

Førsteamanuensis, Universitetet i Stavanger, institutt for musikk og dans, 1988–deretter
Rogaland musikkonservatorium gjekk over til Høgskulen i Stavanger og seinare til Universitetet i Stavanger, avdeling for musikk og dans. Austvik vart engasjert i fast 50%-stilling som 1. amanuensis og underviser der framleis. Har gjennom åra undervist fløytestudentar frå det meste av verda.

Høgskulelektor, Rogaland musikkonservatorium, 1985–1988

Fløytelærer, Stavanger kulturskole, 1985–deretter
Har jevnleg vore fløytelærar for unge fløytetalent ved Stavanger kulturskole frå 1985 fram til i dag.

Fløytelærer, Bærum kommunale musikkskole, 1983–1984
Der underviste han m.a. HKH Prinsesse Märtha Luise.

Fløytelærer, Ski kommunale musikkskole, 1983–1984


Utdanning
Fløytestudier med:
• Solofløytist Hans Stenseth -Bergen, 1971–1976
• Solofløytist og professor
Ørnulf Gulbransen -Oslo, 1977-1981
• Solofløytist og professor
Per Øien -Oslo, 1981–1983
Debutkonsert med glimrende kritikker, Universitetets Aula Oslo – 1983
Master med diplomNorges musikkhøgskole, Oslo – 1983
Cand. mag (Bachelor) – Norges musikkhøgskole, Oslo – 1981
Militærteneste
i Hæren, Porsangmoen, 1976–1977
Examen artium, musikklinje – U. Pihls Skole, Bergen – 1976


Konsertar, masterclassar og anna fagleg arbeid
2011, juni Konsert på Den første norske fløytefestivalen

2009, okt. Konsert med Leone Buyse, Michael Webster & Hans Petter Tangen i Bjergsted, Stavanger

2009, sept. Solist i JS Bach: Suite i h-moll, med SSO og Fabio Biondi

2009, feb. «Meisterklasse» ved Lahti Universitet-Finland.

2009 Solist i
NrkTV frå ein konsert i St.Petri Kirke, Stavanger desember-08, med oboisten Alexei Ogrintchouk og fiolinisten Fabio Biondi saman med Stavanger symfoniorkester.

2007 Medlem av den internasjonale juryen i
«37th International Jeunesses Musicales Flutecompetition Belgrade». Sat i jury saman med Michel Debost-Frankrike, Felix Renggli-Sveits, Guo Liang Han-Kina og Ljubisa Jovanovic-Serbia i Beograd, mars-2007.

2007 Solist i
Harald Sæverud: Divertimento for fløyte og strykeorkester, utgjeve på CD på BIS forlag, med Stavanger symfoniorkester og dir. Ole Kristian Ruud.

2006 Urframført
Svein Hundsnes: Fløytekonsert, på Nrk P2 i abonnementskonsert frå Stavanger konserthus med Stavanger symfoniorkester og dir. Hannu Lintu.

Spelt inn ei rekke CD’ar som solofløytist i Stavanger symfoniorkester,
klikk her.

Omfattande solist og kammermusikkverksemd i inn og utland, turnéar for
Rikskonsertane, Ny Musikk. Solistoppdrag i Nrk radio og TV, og fløytesolist med norske symfoniorkestre. Delteke m.a. på Stavanger internasjonale kammermusikkfestival, Festspillene i Bergen, Ultima-Oslo, MaiJazz, UNM og på «Musique et Amitié»-festivalen i Sveits.

Vikariert i
Oslo filharmoniske orkester, Bergen filharmoniske orkester, Den Norske Opera, Kristiansand symfoniorkester.

Solofløytist i
Stavanger domkyrkje sitt orkester: Capella Svithuniensis sidan 1985.

Delteke på «meisterklasse» med
Jean Pierre Rampal, Andras Adorjan, Robert Aitken, William Bennett og Louis Moyse.

Duo med gitaristen
Njål Vindenes sidan 1973.

1980–85 Medlem av den nordiske nymusikkgruppa Aquarius i Sverige.

1991 Starta Stavanger samtidsensemble, har gjort mange konsertar og gjeve ut CD, framleis aktiv.

Mange tidlegare studentar er i dag fløytistar i orkestre rundt om i Skandinavia, eller underviser og konserterar.

Gjeve mange «meisterklassar» , m.a. for
Powell Flutes og ved Fakultetet i Beograd, Universitetet i Lahti-Finland, Norges musikkhøgskole, Griegakademiet-Bergen, Universitetet i Tromsø og Toneheim folkehøgskole.

Har arrangert «meisterklassar» i Stavanger med
William Bennett, Patrick Gallois, Jacques Zoon, Pierre-Yves Artaud, Philippe Pierlot, Alan Weiss, Julie Koidin, Per Øien og Ørnulf Gulbransen.

Har vore fløyteinstruktør på kurs for Norges Musikkorps Forbund og Norsk Skoleorkester Forbund heilt sidan 1980.

Har vore formann i
Ny Musikk Avd. Rogaland, medlem av Programkomitéen og leiar av Prøvespelskomitén og Fagleg råd i Stavanger symfoniorkester, og medlem av juryen for Shell-prisen.

Har ofte vore sensor ved Norges musikkhøgskole, Griegakademiet,
NTNU og Universitetet i Tromsø og vore medlem i komisjonar for vurdering av opprykk til førstestillingar ved Universitet og Høgskular i Noreg.

Motteke Klæstads legat, Statens etableringsstipend og reisestipend, Fond for utøvende kunstnere og Fondet til Tysnes Herreds Vel.

Leiar av
Austre Åmøy Vel

Aktiv medlem av
Njardar fotballag på Tysnes fram til 1975


© 2009 Vidar Austvik Kontakt meg